Velkommen til INF100
Heimeside
https://inf100v25.stromme.me/ Links to an external site.
Emnets heimeside er den mest sentrale plattformen me nyttar i emnet. Her finn du plan for emnet, slides frå førelesingar, kursnotatar («boka») og oppgåvetekstar.
Emnestab
|
Torstein Strømme
Links to an external site. |
|
Eirik Rekve Thorsheim Ta kontakt ved spørsmål om emneregistrering, tilrettelegging, administrasjon og studieprogram. |
|
Gutama Ibrahim Mohammad Ta kontakt ved spørsmål knytta til innlevering av labar: om du finn feil i automatisk retting, har problemar med innlevering, eller søkar utsetjingar/fritak |
|
Hilde Jordal Ta kontakt om du finn feil i oppgåvetekstane eller har andre spørsmål knytta til emnets heimeside. |
|
Amy Zhang |
|
Aleksandr «Sasha» Popov |
Me har òg mange gruppeleiarar, sjå eigen side.
Møteplassar
PlenumFørelesingar vil òg strøymast og gjerast opptak av gjennom Videonotat (sjå lenkja til venstre på mitt.uib). |
Dropp-innMandag, onsdag, torsdag frå 10:15 til 16:00 og tirsdag, fredag frå 10:15 til 14:00 er det ope for dropp-inn i Konferanserom B på VilVite. Dette er ein plass der du kan arbeide med oppgåver i emnet og diskutera dei med gruppeleiarar om du sit fast. |
GrupparGruppa di møtast ein gong i veka i Konferanserom A på VilVite. Nokre veker nyttas gruppa si tid til presentasjon i små gruppar; då skal du berre møte i gruppa om du sjølv skal presentere. Men hugs at det då er dropp-inn i rommet ved sida av, du kan alltid gå der for å arbeide òg. Du kan sjå gruppa di under «Personar» i menyen til venstre (hugs å være innlogga). Sjå oversikt over gruppar for å vita kven som er gruppeleiar i dei forskjellige gruppane. |
OnlineMeld deg inn i emnet si discord-server Links to an external site. for diskusjon, spørsmål og svar, tips og triks.
|
Arbeidskrav
Obligatorisk. Desse arbeidskrava må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen:
- Kviss. Det er 2 obligatoriske kvissar i emnet. Dei rettast som gjennomført/ikkje gjennomført. Det er altså ikkje nødvendig å svara «rett».
- Presentasjon. Det er 3 obligatoriske presentasjonar i emnet. Presentasjonane krev fysisk oppmøte. Dei vil foregå i gruppetida di, så det er viktig at du melder deg inn i ei gruppe der tidspunktet passar. Presentasjonar rettast på bakgrunn av innsats (det er altså ikkje nødvendig å svara «rett» for å få bestått så lenge du demonstrerar at du er godt forberedt).
Teller på karakter. Desse arbeidskrava teller mot den endelige karakteren din i emnet:
- Lab. Det er 8 labar som til saman utgjer 20% av karakteren din i emnet. Kvar lab utgjer altså 2.5% av karakteren. For å gå opp til eksamen må du få minimum halvparten av poenga frå labane.
- Eksamen. Utgjer 80% av karakteren din i emnet. Sted og tidspunkt: sjå emnebeskrivelse.
Om uforskylde omstende som dokumentert sjukdom, heimevernsøving eller liknande hindrar deg i å fullføra eit arbeidskrav innen fristen, kan du senda søknad til lab-administrator om utsetjing eller fritak.
Plagiat og samarbeid
Les om kva fusk er og kva konsevensar det får.
Det er heilt greitt å bruka eksterne kjelder for å hjelpa deg å løyse oppgåvene dine, men: husk alltid å sitera kjelder du har brukt! ٔSitering kan t.d. vera ein kommentar direkte i koden:
# Linja under kjem frå Stack Overflow 7. aug 2020 # https://stackoverflow.com/a/1077349
Ein kan (sjølvsagt) ikkje kopiere ei komplett løysing til ei oppgåve frå andre, og ein må forstå kvar einaste linje i koda ein leverar. Kode og tekst som kjem frå bruk av kunstig intelligens skal også siterast.
De kan òg arbeida saman for å løysa labane, men alle forfattarar må nemnast i kvar innlevering. Til dømes om A og B jobbar saman, så må A og B levera kvar sin kode, og han skal innehalda namn på båe A og B (båe førenamn og etternamn). Om A løyser oppgåva først, held det at B skriver ein kommentar om at A har hjelpt han og med kva. Om du vel å samarbeida på ein lab, pass på at både du og dei du samarbeidar med forstår alle delar av koden de leverer.
Om du gløymer å oppgi kilder i arbeid du leverar inn, reknas det som plagiat. Konsekvensene kan vere alvorlige, og i verste fall kan du bli utestengd frå alle høgare utdanningsinstitusjoner i Norge i opptil to år.
Eksamen vil vera individuell og utan moglegheit for noko samarbeid. Eit godt tips er derfor å veksla mellom å løysa oppgåver i lag og individuelt.
Kontakt
For faglege spørsmål, spør på discord Links to an external site. eller spør ein gruppeleiar i ei dropp-inn-time.
For andre spørsmål, ta kontakt med studierettleiar på institutt for informatikk.