Velkommen til INF100
Kursets heimeside
inf100h22.stromme.me Lenker til eit ekstern område.
Førelesing
kvar måndag kl 14:15 - 16:00
Førelesingar vil vera fysisk i A66 Auditorium A. Det vil òg strøymast og gjerast opptak gjennom Videonotat (sjå lenkja til venstre). For dei som ønsker å møta opp til den fysiske førelesinga, må ein melda seg opp på førehand. Påmelding opnar fredag veka før kl 16, og dei 210 første som melder seg på kan møta fysisk. Link til påmelding vil du finna på inf100.ii.uib.no.
Grupper
Gruppa di møtast to gonger i veka. Første dag gruppene møtast er tysdag 23. august. Du kan sjå gruppa di eller melde deg inn i ei gruppe under Personar.
Open time
Kvar tysdag frå 09:30 til 10:30 er det open time hjå førelesar. Då kan ein komme innom kontoret hans (404P2 på Høgteknologisenteret) for ein laus samtale om programmering, algoritmar eller annet fagleg pjatt. Om det er mange som kjem vil det verte skilta til eit større rom.
Arbeidskrav
Det er 11 obligatoriske labar i kurset, og dessutan ein frivillig lab. For å få lov til å ta eksamen må du ha godkjent minst 6/11 labar, kor minst 3 er blant dei siste 5 (altså lab 7-11). Denne fleksibiliteten er gjort for å ta omsyn til sjukdom, dødsfall i familien, sjuke barn og andre spesielle omstende som gjer at ein ikkje får gjort oppgåvene. Vi anbefaler å gjera alle labane om ein har moglegheit. Det vil ikkje vera høve til å få utsetjingar anna enn under ekstraordinære omstende av langvarig og uventa art.
Om ein nesten har bestått to labar (ikkje meir enn ei oppgåve manglar på kvar), kan dei slåast saman til ei bestått oppgåve.
Det vil òg vera nokre få små quizar undervegs som også er obligatoriske. Alle quizar må gjennomførast for å kunna ta eksamen.
Kartleggingsprøve
Fredag 26. august held vi ein kartleggingsprøve. Hensikta er at studentar som kan programmera litt frå før skal få sleppa å gjera oppgåver om ting dei kan godt allereie. Dersom du får over 80% på kartleggingsprøva, blir det tald som å ha fått bestått på dei 6 første labane. Påmelding opnar under første førelesing.
Diskusjon, tips og triks
Vi har ein discord-server for diskusjonar, spørsmål, tips og triks: https://discord.gg/m94TTKrKwG Lenker til eit ekstern område.. Gå til #join_group -kanalen og skriv inn gruppenummeret ditt for å melda deg inn i gruppa di si kanal.
Plagiat og samarbeid
Det er heilt greitt å bruka forskjellige kjelder for løysingane, men husk å sitera kjelder i koden når betydelege delar er tatt direkte frå kjelda! ٔSitering kan t.d. vera ein kommentar direkte i koden:
# Stack Overflow https://stackoverflow.com/a/1077349; 7. aug 2020
Ein kan (sjølvsagt) ikkje kopiere ei komplett løysing til ei oppgåve frå andre, og ein må forstå kvar einaste linje i koda ein leverar.
De kan òg arbeida saman for å løysa labane, men alle forfattarar må nemnast i kvar innlevering. Til dømes om A, B og C jobbar saman, så må A, B, C levera kvar sin kode, og han skal innehalda alle tre namn (båe førenamn og etternamn). Om A løyser oppgåva først, held det at B skriver ein kommentar om at A har hjelpt han. Om du vel å samarbeida på ein lab, pass på at både du og dei du samarbeidar med forstår alle delar av koden de leverer.
Eksamen vil vera individuell og utan moglegheit for noko samarbeid. Eit godt tips er derfor å veksla mellom å løysa oppgåver i lag og individuelt.
Kontakt
For faglege spørsmål, spør på discord Lenker til eit ekstern område. eller ta kontakt med gruppeleiaren din.
For andre spørsmål, ta kontakt med studierettleier på institutt for informatikk.