Tidlegare gode eksamenssvar PSYK112
På denne sida finn du gode eksamenssvar i emnet PSYK112.
Eit godt eksamenssvar kan vera skrive på ulike måtar og desse eksamenssvara er ikkje fasitar når det gjeld korleis eit eksamenssvar skal sjå ut, men kan sjåast på som døme på korleis ein god eksamen kan sjå ut. Dei oppgåvene som er lagt ut her er A- og B-oppgåver og vil såleis vera oppgåver som ligg på topp når det gjeld bådew innhald og struktur. Dei er likevel ikkje nøsvendigvis feilfrie, noko som er viktig å tenka på om du ønskjer å bruka desse oppgåvene som øving fram mot ein eksamen.
I lista under finn du eksamensoppgåver frå hausten 2016 og våren 2017. Eksamen desse to semestera har vore delt i 2 hovuddelar; ein del med Sosialpsykologi og ein del med Personlegdomspsykologi. Til saman skulle studentane svara på 4 av 6 oppgåver, 2 i Sosialpsykologi og 2 i Personlegdomspsykologi.
Eksamensoppgåver hausten 2016:
Sosialpsykologi:
1. Drøft forholdet mellom åtferd og haldningar.
2. Korleis kan det at andre er tilstade, og det å vere del av ei gruppe, påverke våre prestasjonar på ulike oppgåver, og i somme tilfelle få oss til å gjere ting vi ikkje ville gjort åleine?
3. Gjer greie for aggresjon frå eit sosialpsykologisk perspektiv.
Personlegdomspsykologi:
1. Forklar vitskapelege standardar for evaluering av personlegdomsteoriar.
2. Beskriv korleis fysiologi kan forklare individuelle skilnader i personlegdom og korleis ein kan måle fysiologiske indikatorar.
3. Diskuter ulikskapar og likskapar mellom Freud og Erikson sine teoriar om personlegdomsutvikling.
Døme på gode oppgåvesvar:
PSYK112 Døme 1 hausten 2016 Last ned PSYK112 Døme 1 hausten 2016
PSYK112 Døme 2 hausten 2016 Last ned PSYK112 Døme 2 hausten 2016
PSYK112 Døme 3 hausten 2016 Last ned PSYK112 Døme 3 hausten 2016
Eksamensoppgåver våren 2017:
Sosialpsykologi:
1. Gjer greie for sosialpsykologiske perspektiv og forsking som gjeld "sjølvet".
2. Kva er ein «kult», og korleis har sosialpsykologi bidratt til å forstå fenomenet?
3. Kva er fordommar? Kva psykologiske mekanismar ligg bak danning og oppretthalding av fordommar, og korleis kan fordommar bli endra?
Personlegdomspsykologi:
1. Diskuter fire kjelder til data om ein person sin personlegdom.
2. Beskriv ein viktig trekkteori og metodane som vert brukt av personlegdomspsykologar i å identifisere dei viktigaste trekka.
3. Åtferdsgenetiske metodar: Drøft korleis åtferdsgenetikarar identifiserer personlegdom og individuelle skilnadar hos menneske og dyr.
Døme på gode oppgåvesvar:
PSYK112 Døme 1 vår 2017 Last ned PSYK112 Døme 1 vår 2017
PSYK112 Døme 2 vår 2017 Last ned PSYK112 Døme 2 vår 2017
PSYK112 Døme 3 vår 2017 Last ned PSYK112 Døme 3 vår 2017