Student: Masterinnlevering i Studentweb
Fra november 2023 skal masteroppgaver leveres på vurdering.uib.no, og du finner informasjon om innlevering i denne siden.
Innhald på denne sida:
- Ha dette klart før du startar leveringa
- Slik leverer du i Studentweb
- Redigering, endring, sletting fram til frist for innlevering
- Treng du hjelp?
Ha dette klart før du startar leveringa
- Ditt UiB brukarnamn og passord. Du må logga på Studentweb med detta, ikkje med fødselsnummer.
- Tittel på oppgåva. Tittelen du skriv inn kjem på karakterutskrift, vitnemål og i BORA. Tittelfeltet støtter ikkje rik-tekst formattering.
- Samandrag, dersom du vil gjere det tilgjengeleg i BORA.
- Oppgåva i PDF-format. Vedlegg treng ikkje vere i PDF-format (for innleveringer ved Det juridiske fakultet og Det medisinske fakultet skal du laste opp berre oppgåvefil, i PDF-format. Eventuelle vedlegg må være inkludert i oppgåvefila.).
- Du kan levere originalfila/-filene, men det er ikkje naudsynt. Med originalfil meiner vi dokumentfila som oppgåva blei skriven i før ho blei konvertert til PDF, til dømes ei Word-fil.
- Gjer deg viss på kor på datamaskina du har lagra fila/filene du skal levere.
- Start leveringa i god før tid før fristen. Det kan ta litt tid å skrive inn samandrag og å laste opp fila/filene.
- Gruppeoppgåve? Alle som har skrive oppgåva saman med nokon andre, må levere oppgåva kvar for seg i Studentweb. Hak av at for at du leverer gruppeoppgåve.
- Ha tenkt over om du ynskjer å ha oppgåva di tilgjengeleg i BORA. UiB oppmodar alle studentar til å gjere oppgåva si tilgjengeleg, og å velje utsett tilgjengeleggjering dersom det ikkje er mogleg å leggje oppgåva ut med det same.
Du kan endre og levere oppgåva på nytt fram til fristen for levering. Ver meksam på at det er vala du gjer ved siste innlevering før fristen, som vert lagra med oppgåva di. Det kan vere lurt å ha tittel på oppgåva og eventuelt samandrag lagra lett tilgjengelig frem til oppgåva er endelig levert.
Slik leverer du i Studentweb
Logg på Studentweb med brukernavn og passord
- NB: Du får ikkje levere viss du loggar på med fødselsnummer og PIN-kode.
- Klikk på Meir i menylinja og vel Oppgåveinnlevering.
Menyvalet vil berre vere synleg om du i det aktuelle semesteret
- har registrert deg
- har betalt semesteravgifta
- er meldt til eksamen i masteroppgåveemnet
På framsida for masteroppgåveinnlevering får du ei påminning om alt du må ha klart før innleveringa kan gjennomførast. Du klikker på den grøne knappen for start levering når du har alt klart.
Fyll ut opplysingar om oppgåva
- Fyll inn språket oppgåva er skriven på.
- Hak av dersom du leverer ei gruppeoppgåve.
- Skriv inn tittel på oppgåva. Han kjem fram på karakterutskrift, vitnemål og i BORA. Tittelfeltet støtter ikkje rik-tekst formattering.
- Skriv inn engelsk tittel på oppgåva. Då kjem tittelen fram på engelsk karakterutskrift. Tittelfeltet støtter ikkje rik-tekst formattering.
- Skriv inn samandrag dersom du vil at det skal vere tilgjengeleg i BORA
- Skriv inn stikkord som beskriv oppgåva di. Bruk komma som skiljeteikn, til dømes "inflasjon, økonomisk krise,". Stikkorda vert søkbare i BORA, og skal gjere det lettare for alle interesserte å finne oppgåva di.
Klikk på den grøne "Vidare"-knappen
Last opp fil(er)
- Klikk på knappen "vel fil"
- Legg til riktig versjon av masteroppgåva di. Du må laste opp oppgåvefila i PDF-format. Du kan berre laste opp ei oppgåvefil.
- Du kan òg laste opp vedlegg som høyrer til oppgåva, og eventuelt originalfiler (Word, LaTex, Open Office...). (For innleveringer ved Det medisinske fakultet: Du skal berre laste opp oppgåvefil, i PDF-format. Eventuelle vedlegg må vere inkludert i oppgåvefila.)
- Lasta du opp feil fil, kan du slette ho ved å klikke på knappen 'Slett fil'.
Klikk på den grøne "Neste"-knappen når du er ferdig.
Bestem tilgjengelegheit
UiB oppmodar alle studentar til å gjere masteroppgåva si tilgjengeleg i BORA. BORA er UiB sitt arkiv der forskingspublikasjonar kan gjerast opent tilgjengeleg på nett. Skal du publisere basert på oppgåva eller oppgåva er ein del av eit uavslutta forskingsprosjekt, kan du velje utsett tilgjengeleggjering i 1-5 år. Informasjonen om oppgåva vert då tilgjengeleg i BORA, medan sjølve fila er lukka i 1-5 år.
Gjer du oppgåva tilgjengeleg i BORA vil ho vere søkbar og tilgjengeleg på internett. Vel du å ikkje gjere oppgåva ope tilgjengeleg, vil ingen informasjon om oppgåva vere tilgjengeleg nokon stad.
- Vel om oppgåva di og eventuelle vedlegg skal vere tilgjengelege i BORA.
- Hak av dersom oppgåva skal vere klausulert grunna teieplikt.
- Originalfiler er automatisk sett til ikkje tilgjengeleg i BORA.
- Ikkje-beståtte oppgåver vert ikkje tilgjengelege i BORA.
- Hak av for at du har lest Avtale om tilgjengeliggjering av masteroppgåve i BORA
Klikk på den grøne "Vidare"-knappen når du er ferdig.
Godkjenn levering
- Gå gjennom det du har registrert om oppgåva di. Sida viser eit samandrag av opplysningane du har registrert.
- Er noko feil, klikk på knappen 'Førre' for å komme deg tilbake til sida der du kan korrigere feilen.
- Når alt er riktig, klikk på knappen 'Fullfør'. Då vert oppgåva og opplysningane du har registrert sendt til UiB.
Kvittering
- Du får òg kvittering på e-post.
Det er berre første gong du leverer får du kvittering på e-post. Om du vel rediger levering, og gjer endringar på ei oppgåve du allereie har levert, får du ikkje kvittering på e-post. Om du derimot slettar den første innleveringa og leverer på nytt, får du ny kvittering på e-post.
Som du ser på bilete over, ser du i alle høve ein tekst på kvitteringssida som stadfestar at oppgåva di er levert med dato og klokkeslett.
Redigering, endring, sletting fram til frist for innlevering
Når du har levert oppgåva di, kan du gjere endringar og slette leveringa fram til frist for levering. Du finn redigerings- og sletteval ved å velgje Oppgåveinnlevering i menyen som vist over.
Fleire studentar rapporterer at det ikkje fungerer å slette foreløpig innlevert oppgåvefil og laste opp ny fil med ny versjon av oppgåva om du vel "Rediger levering". Då må du slette heile leveringa og starte leveringa på nytt - vel då "Slett levering" når du kommer inn i "Oppgåvelevering" - sjå bilete under.
Treng du hjelp?
Ta kontakt med studieadministrasjonen (studieveileder) på instituttet eller fakultetet der du skal levere oppgåve, eller infosenteret på ditt fakultet.