Velkommen til INF100
Fyste gruppetime: mandag 21. august (avhengar av kva gruppe du er på)
Fyste forelesning: torsdag 24. august
Emnets heimeside
Arkivert versjon: https://inf100h23.stromme.me Lenker til eit ekstern område.
Emnestab
Emneansvarlige: Torstein J. F. Strømme og David Grellscheid.
Undervisningsassistent: Wim Van den Broeck.
Studierettleiar og administrasjon: Kristian Teofilovic.
Gruppeleiare: Jakob Sverre Alexandersen, Mathias Angeltvedt, Felix Anthonisen, Torbjørn Wigum Arbo, Mathilde Blom Bergenheim, Henrik Ellefsen Brøgger, Victor Sebastian Bye, Ole Eiane, Olav Eikanger, Hanna Hestad Eikeland, Idiris Aweys Elmi, Aleksander Ljosdal Fedøy, Stian Forren, Viljar Helgestad Gjerde, Jacob Fredrik Salve Grahm-Haga, Kristofers Gulbis, Maren Aurora Ingebrigtsen Gundhus, Hallvard Stensrud Hardang, Jonas Haukenes, Dag Ole Bergesen Himle, Balder Benjamin Weidenhiller Hopp-Haugstvedt, Tobias Husebø, Marianne May Instanes, Sander Aasen Kavli, August Tidemann Klevberg, Sune Eriksson Lianes, Carl-Henrik Lien, Marcus Kristiansen Mardal, Mathias Hop Ness, Eirik Bakke Petrie, Runar Skjong Røssevold, Julie Sandanger, Samuel Alois Starck Sjøen, Aida Skarvatun, Amanda Min Skaugerud, Beate Skogvik, Thone Anlaug Stordal Støa, Simen Øvrebø Tonning, Tobias Trognitz, Cathrine Trøen, Maja Haugen Villanger, og Augustin Alexander Winther.
Vitenskapelege assistentar: Hilde Jordal og Tyra Fosheim Eide.
Førelesing
kvar torsdag kl 14:15 - 16:00
Førelesingar vil vera fysisk i Realfagbygget Auditorium A. Det vil òg strøymast og gjerast opptak gjennom Videonotat (sjå lenkja til venstre). For dei som ønsker å møta opp til den fysiske førelesinga, må ein melda seg opp på førehand. Påmelding opnar tysdagen før kl 1200, og dei 245 første som melder seg på kan møta fysisk. Link til påmelding vil du finna på emnets heimeside.
Grupper
Gruppa di møtast to gonger i veka. Du kan sjå gruppa di under Personar.
Arbeidskrav
Det er 9 obligatoriske labar i kurset. For å få lov til å ta eksamen må du ha godkjent alle labane. Ved sjukdom eller andre spesielle omstende som gjer det vanskeleg å for gjort ein lab, kan ein søkja om fritak til emneadministrator Kristian Teofilovic.
Det vil òg vera nokre få små quizar undervegs som også er obligatoriske. Alle quizar må gjennomførast for å kunna ta eksamen.
Kartleggingsprøve
I gruppetimen før fyrste forelesning held vi ein nasjonal kartleggingsprøve.
Diskusjon, tips og triks
Meld deg inn i emnet si discord-server Lenker til eit ekstern område..
Plagiat og samarbeid
Les om kva fusk er og kva konsevensar det får.
Det er heilt greitt å bruka eksterne kjelder for å hjelpa deg å løyse oppgåvene dine, men: husk alltid å sitera kjelder du har brukt! ٔSitering kan t.d. vera ein kommentar direkte i koden:
# Stack Overflow https://stackoverflow.com/a/1077349; 7. aug 2020
Ein kan (sjølvsagt) ikkje kopiere ei komplett løysing til ei oppgåve frå andre, og ein må forstå kvar einaste linje i koda ein leverar. Kode og tekst som kjem frå bruk av kunstig intelligens skal også siterast.
De kan òg arbeida saman for å løysa labane, men alle forfattarar må nemnast i kvar innlevering. Til dømes om A, B og C jobbar saman, så må A, B, C levera kvar sin kode, og han skal innehalda alle tre namn (båe førenamn og etternamn). Om A løyser oppgåva først, held det at B skriver ein kommentar om at A har hjelpt han. Om du vel å samarbeida på ein lab, pass på at både du og dei du samarbeidar med forstår alle delar av koden de leverer.
Eksamen vil vera individuell og utan moglegheit for noko samarbeid. Eit godt tips er derfor å veksla mellom å løysa oppgåver i lag og individuelt.
Kontakt
For faglege spørsmål, spør på discord eller ta kontakt med gruppeleiaren din.
For andre spørsmål, ta kontakt med studierettleiar på institutt for informatikk.