Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I medisinstudiet skal studentane trene på å gjere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid eller eit innovasjonsprosjekt. Temaet for oppgåva kan være henta frå ulike medisinske fag eller være i skjeringspunktet mellom eit medisinsk fagområde og andre fagfelt, som for eksempel teknologi eller pedagogikk. For det vitskaplige arbeidet skal dei utvikle en vitskapleg tenkje- og arbeidsmetode, og dei skal få erfaring med bruk av data- og litteratursøking innan medisinske fagfelt eller andre relevante fagområde. Dei skal også lære å uttrykkje seg skriftleg om vitskaplege tema med passande terminologi og språk. For innovasjonsprosjekt skal dei gjennomføre eit prosjekt som viser korleis ein kan drive entreprenørskap i forskingsdriven innovasjon eller tenesteutvikling i tenesteinnovasjon.

Læringsutbyte

Etter godkjend hovudoppgåve har studenten mellom anna følgjande kompetanse:

Kunnskapar

Studenten veit

  • kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte og metode
  • kva som kjenneteiknar innovasjon og entreprenørskap og metodar som ligg til grunn.
  • kva etiske reglar som gjeld ved arbeid med forsking og innovasjon, m.a. med omsyn til personvern
  • korleis ein vitskapleg artikkel skal vere oppbygd

Ferdigheter

Studenten er i stand til å

  • finne fram til, fordjupe seg i og analysere vitskapleg litteratur
  • vurdere om ein artikkel oppfyller grunnleggjande vitskaplege krav
  • velje passande metodar for å løyse oppgåvene som ligg i deira hovudoppgåve
  • arbeide sjølvstendig under sakkyndig rettleiing
  • formidle anna og eige vitskaplege eller innovative arbeid skriftleg og munnleg på ein lettfatteleg og presis måte
  • arbeide med dei metodane som trengs for å drive forsking, forskingsformidling, entreprenørskap eller tenesteinnovasjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over rolla til forsking og innovasjon i produksjon av kunnskap, og kva relevans det har for klinisk praksis
  • viser ei ansvarleg haldning når det gjeld etikk og reieleg framferd i forsking og innovasjonsarbeid
  • viser ei kritisk, men positiv haldning til forskingsresultat, og har eventuelt ei forståing av når og korleis forskingsresultat kan utviklast vidare til innovative løysingar.