Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I medisinstudiet skal studentane trene på å gjere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid eller eit innovasjonsprosjekt. Temaet for oppgåva kan være henta frå ulike medisinske fag eller være i skjeringspunktet mellom eit medisinsk fagområde og andre fagfelt, som for eksempel teknologi eller pedagogikk. For det vitskaplige arbeidet skal dei utvikle en vitskapleg tenkje- og arbeidsmetode, og dei skal få erfaring med bruk av data- og litteratursøking innan medisinske fagfelt eller andre relevante fagområde. Dei skal også lære å uttrykkje seg skriftleg om vitskaplege tema med passande terminologi og språk. For innovasjonsprosjekt skal dei gjennomføre eit prosjekt som viser korleis ein kan drive entreprenørskap i forskingsdriven innovasjon eller tenesteutvikling i tenesteinnovasjon.
Læringsutbyte
Etter godkjend hovudoppgåve har studenten mellom anna følgjande kompetanse:
Kunnskapar
Studenten veit
- kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte og metode
- kva som kjenneteiknar innovasjon og entreprenørskap og metodar som ligg til grunn.
- kva etiske reglar som gjeld ved arbeid med forsking og innovasjon, m.a. med omsyn til personvern
- korleis ein vitskapleg artikkel skal vere oppbygd
Ferdigheter
Studenten er i stand til å
- finne fram til, fordjupe seg i og analysere vitskapleg litteratur
- vurdere om ein artikkel oppfyller grunnleggjande vitskaplege krav
- velje passande metodar for å løyse oppgåvene som ligg i deira hovudoppgåve
- arbeide sjølvstendig under sakkyndig rettleiing
- formidle anna og eige vitskaplege eller innovative arbeid skriftleg og munnleg på ein lettfatteleg og presis måte
- arbeide med dei metodane som trengs for å drive forsking, forskingsformidling, entreprenørskap eller tenesteinnovasjon.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over rolla til forsking og innovasjon i produksjon av kunnskap, og kva relevans det har for klinisk praksis
- viser ei ansvarleg haldning når det gjeld etikk og reieleg framferd i forsking og innovasjonsarbeid
- viser ei kritisk, men positiv haldning til forskingsresultat, og har eventuelt ei forståing av når og korleis forskingsresultat kan utviklast vidare til innovative løysingar.