Diskusjonar

Oversikt over hvordan samelsiden for diskusjoner kan se ut

 

Diskusjonar kan brukast til fleire ting. Her kan du legge ut spørsmål etter forelesninga, samle inn spørsmål før neste forelesning, la studentane diskutera seg imellom eller få dei til å presentere seg sjøl om det er eit nettstudium. Fordelen med diskusjonsforumet er at alle ser kva dei andre har spurt om, og alle ser svara dei andre får. 

Slik opprettar du ein diskusjon

1. Vel Diskusjonar i emnets meny

2. Vel knappen +Diskusjon

3. Diskusjonstittel må du ha, det er obligatorisk

4. Startinnlegget skrives eller limes inn i editoren

5. Du kan ta med vedlegg i startinnlegget

6. Du kan gjere ein del val for den aktuelle diskusjonen.

  • Tillat tråda svar. Noken liker dette, andre synes at utråda diskusjonar fungerer betre og blir meir oversiktlege.
  • Brukarar må poste før dei får sjå andre svar (lurt dersom undervisningsopplegget/oppgaven tilseie at det er lurt. Ikkje så lurt dersom man vil starte ein vanleg diskusjon)
  • Slå på podcaststrøm. Ikkje i bruk ved UiB. 
  • Vurdert. Om du vel at diskusjonen skal vere Vurdert, vil den oppføre seg som ein Oppgåve: Du kan laga tilordningar, sette på fristar og den vil bli lista opp under Oppgåver og inngå i oversikta Vurderingar. Diskusjonar som vert oppretta i Oppgåver, får automatisk oppgåvas kjenneteikn. Sjå Opprett oppgave. Sidan diskusjonen er tilgjengeleg for alle i emnet eller gruppa, og diskusjonar kan ha vedlegg, kan dette fungere som ein innleveringsmåte når det er ønskeleg at medstudentane skal lese og diskutera kvarandres arbeid.
  • Tillat liking
  • Du kan velgje at diskusjonen skal vere ein Gruppediskusjon.
    • Ikkje hake betyr at alle kan delta i ein felles diskusjon på emnenivå.
    • Hake for Dette er en gruppediskusjon betyr at du i ei handvending har oppretta ein diskusjon på gruppenivå i kvar enkelt gruppe slik at studentane diskuterar internt i gruppane sine.

Standardval for emnet sine diskusjonar ligg under knappen for innstillingar. Du finn dei også ved å gå på emnet sine innstillingar og sjå på "fleire val" heilt nederst. 

  • La studentane legge ved filer når dei skriv innlegg (svar) i diskusjonar
  • La studentar opprette diskusjonstema (på emnenivå). Dei kan uansett starte diskusjonar på gruppenivå.
  • La studentar redigera eller slette sine eigne diskusjonsinnlegg

Du kan feste diskusjoner (ein eller fleire) slik at de(i) vert liggande øverst på diskusjonsida til studentane (og deg). 

Hugs: Diskusjonen må publiserast for å bli tilgjengeleg for studentane.

Hugs: Alle ikkje-studenter i emnet kan redigera på diskusjonane.

 

Søkefelt og andre verktøy 

Øverst over diskusjonen ser du eit par verktøy

de ulike verktøy som vises over diskusjonen

 

Søkefunksjonen lar deg søke på innlegg eller person. 

Du kan filtrere på alle eller uleste innlegg, og du kan sortere etter dato.

Sjå delt skjerm/fleksibel visning/split screen gjer at svara du klikkar på åpnar seg i et eige sidevindu på skjermen din.

Utvid trådane handlar om diskusjoner som har diskusjonstrådar, som du da kan utvide eller lukke for betre oversikt.

 

Anonyme diskusjonar

I januar  2025 kom moglegheiten for å ha diskusjonar som er heilt anonyme eller delvis anonyme. Du vil sjå desse tre valga når du skal opprette ein ny diskusjon: 

Bildet viser de tre mulighetene for anonymisering i innstillingene

 

Studentane vil i diskusjonen sjå denne meldinga om den er anonym: 

Bilde viser dialogboks med denne teksten: Dette er ein anonym diskusjon, ditt namn og profilbilde vil være skjult for andre studentar på emnet

Hugs at når du først har oppretta ein diskusjon med dine val av anonymitet så kan du ikkje endre på innstillingane. Da får du heller lage ein ny. Hugs også at ansatte ikkje er anonyme. Og anonyme diskusjonar kan ikkje nyttast til diskusjonar i gruppesett eller diskusjonar som er definert som vurdert oppgåve. Det å tagge noken fungerar ikkje når diskusjonen er anonym, og det utløysar ikkje varsel på epost. Søkefeltet klarar ikkje å søke etter anonyme brukarar

 

Tagging

Du kan nevne eller "tagge" andre medlemmer i emnet ved å bruke symbolet alfakrøll og så eit par bokstavar for å søke på namnet i den medlemslista som systemet visar deg. Når du lagrar ditt innlegg vil vedkommande få varsel på epost om hen har det valget slått på på sin profil (Konto - Varsel - diskusjonar - ny tagging)

slik ser det ut når du tagger noen, teksten blir fremhevet i en annen farge

Merkelapp for rolle

I diskusjonen vil det ved siden av namnet visast kven som er lærar i emnet og kven som har oppretta diskusjonen. Det vil stå Forfattar eller Lærar til høgre for navnet, eller begge deler hvis Læraren er den som har oppretta diskusjonen. Status visast foreløbig kun for rollane Forfattar, Undervisningsassistent (TA) og Lærar (Faglærar - ikkje emneansvarleg).  

 

Sitering

Du kan ta med et utdrag fra tekst i same diskusjon når du skal svare, og på den måten henvise til noke som andre har sagt. Du finn dette valet i menyen bak dei tre prikkane. Sjå etter "siter svar". Deretter vil du få valet "Inkluder sitert svar i melding"