Lage ikonar i teksten
Ikon er enkle symbol som du kan bruke ved sida av underoverskrifter eller for å lage anna blikkfang for dei som skal lese sida. Dei er kun dekorative, og veldig enkle å lage!
Du startar med å trykke på ikondesignaren oppe i editoren (på engelsk: Icon Maker).
Du får opp ein meny på høgresida der du kan gjera mange val for å få ikonet til å bli slik du vil. Menyen er ganske sjølvforklarande, og det er enkelt å prøve seg fram.
Dei vala du får er desse:
- Namn på ikonet
- Alternativ tekst (hugs universell utforming)
- Form på ikonet
- Storleik
- Farge på sjølve ikonet
- Farge på omriss
- Tjukkelse på omriss
- Tekst som skal vere del av ikonet
- Storleik på den teksten
- Farge på den teksten
- Bakgrunnsfarge for den teksten
- Plassering av den teksten
- Legg til bilete frå eit standard utval (med ein eller fleire fargar)
Du treng ikkje nøye deg med dei fargane som står i menyen. Om du kjenner til den spesifikke fargekoden kan du føra den inn manuelt.
Du kan skifta farge på eit ikon som du allereie har lagra. Desse vil du finne på same stad som du lagar nye.
Ikondesignaren er ein del av editoren, så du finn den alle stader der du brukar editoren: Sider, Kunngjeringar, diskusjonar, quiz og emneoversikt.